Nytta AS - Samfunns- og næringsutvikling i Fjaler, tre stillinger
Nytta AS har ambisjon om å bli Norges mest spennande samfunns- og næringsutviklingsselskap. For å realisere desse ambisjonane søkjer vi tre positive og engasjerte medarbeidere til sentrale roller innan næringsutvikling, kommunikasjon og samhandling
Fjaler kommune, Sparebankstiftinga Fjaler og næringslivet gjennom Fjaler Næringsutvikling har siste året jobba med å finne gode løysingar på korleis vi kan bli av dei mest attraktive kommunane i landet for innbyggjarar, næringsliv og besøkande.
Nytta AS er eit nyetablert selskap som skal bidra til skape berekraftig og positiv vekst i næringslivet og lokalsamfunnet gjennom å utnytte dei fortrinna og ressursane vi har i Fjaler og regionen. Aktørane bak Nytta AS sørger for nødvendig langsiktig finansiering av selskapet.
Er du visjonær og brenn for samfunns- og næringsutvikling og heier på samarbeid som kan setje Fjaler på kartet? Då kan du vere den rette for oss!
Leder, næringsutvikling:
I denne stillinga blir du ein nøkkelperson i å skape berekraftig vekst i Fjaler. Du vil jobbe med å identifisere moglegheiter for å utvikle det lokale næringslivet og støtte gründerar og etablerte bedrifter i kommunen. Har du erfaring med næringsutvikling og eit sterkt engasjement for lokal verdiskaping? Då er dette stillinga for deg!
Leder, kommunikasjon:
Som ansvarleg for kommunikasjon skal du spele ei viktig rolle i å formidle Fjaler og regionen sin unike identitet og særpreg. Du jobber med strategi, marknadsføring, sosiale medier og profilering, og skal bidra til å styrke omdømmet til kommunen. Vi leitar etter deg som har erfaring med kommunikasjon, journalisitkk eller PR-arbeid - og som evner å engasjere og inspirere.
Leder, samhandling:
Trur du på krafta av samarbeid? I denne stillinga får du ansvaret for å bygge sterke relasjonar mellom næringslivet, kommunen/regionen, frivillige og andre sentrale aktørar. Du kobler ulike interesser for å skape vekst og utvikling. Samarbeid, dialog og nettverksbygging blir dine viktigaste verktøy.
Kven er du / de ?
- Du har erfaring frå næringsutvikling, kommunikasjon eller roller der samarbeid er sentralt
- Du er ein relasjonsbyggjar med stort engasjement for lokalsamfunn og næringsliv.
- Du har (eller vil få) eit varmt hjarte for Fjaler og regionen, og ynskjer å bidra til positiv endring og utvikling
- Ein av dei tre stillingane får også rolla som dagleg leiar
Kva tilbyr vi?
- Ein unik sjanse til å legge premissar for Norges mest spennande utviklingsselskap
- Spreie positivitet og arbeide med potensial for utvikling og vekst
- Du blir ein del av eit tverrfageleg team der alle bidrar med sine spesialitetar
- Du får kontor i Dale, i lyse og moderne lokale saman med eit mangfald av verksemder.
- Løn etter avtale
- Forsikring og pensjonsordningar
- Hjelp til å skaffe bolig
___
Interessert? Ta kontakt med Roy Tore Lysen Jensen 909 20 447 eller Eivind A. Norebø, tlf. 479 14 070 i Matae. Søknad med CV sendes via skjemaet under, snarest og senest innen 19.01.2025. Søknader behandles fortløpende.
NB: Skriv tydelig i søknaden din hvilken av rollene din søknad gjelder.