Skip to content
Alle stillinger

Lingalaks søker Innovasjonsleiar

Sjø, med høye fjell i bakgrunnen. Blå himmel.

Innovasjonsleiar til framtidsretta havbrukskonsern.

Lingalaks, eit familieeigd havbrukskonsern med snart 50 års erfaring, søkjer ein visjonær innovasjonsleiar med sterk gjennomføringskraft. Du skal leie etableringen og utviklingen av vårt nye innovasjonsselskap og sette i verk strategiar som sikrar berekraft og vidare vekst.

Som innovasjonsleiar blir du sentral i å drive fram prosjekt innan ny teknologi, miljøvenlege løysingar og effektive driftsmetodar, mellom anna satsinga på Stadion Laks (lukka anlegg).

Vi ser etter ein strategisk leiar med relevant bakgrunn og sterk teknologisk forståing som kan identifisere moglegheiter og møte berekraftsutfordringar i sjømatproduksjonen.

Vi tilbyr eit solid fundament i eit etablert konsern, ressursar til innovasjon og eit dedikert arbeidsmiljø som deler visjonen om å skape varige verdiar for menneske, samfunn og havet.

Er du klar til å forme framtida for havbruksnæringa? Ta kontakt med Hege Rødland, tlf. 916 17 560 eller Roy Tore Lysen Jensen 909 20 447 i Matae. Søknad med CV sendes via skjemaet under, snarest og senest innen 19.01.2025. Søknader behandles fortløpende.

 

Om Lingalaks: 
Lingalaks AS driv matfiskproduksjon i sjø, og har sin produksjon i Kvam herad, Kvinnherad kommune og Radøy kommune. Her kan me  nytte  naturens eigne produksjonsvilkår med gode temperaturar og klart, straumsterkt vatn.


Gjennom fleire generasjonar har eigarane og medarbeidarane våre opparbeidd seg unik kunnskap om lokalt miljø og klima. Dette gjev oss store fordelar når det gjeld berekraftig og miljøretta drift.

Me har ti konsesjonar og to visningskonsesjonar. Selskapet har hovedkontor i Hardanger, og eige slakteri saman med andre lokale matfiskprodusentar. Nokre av våre viktigaste verdiar som bedrift er å vere ærleg, fremtidsretta og kvalitetsbevisst.